Villingen-Schwenningen er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 90 000 innbyggjarar. Byen er den største i landkreisen Schwarzwald-Baar.

Villingen-Schwenningen ligg i austkanten av Schwarzwald ved elva Brigach, om lag 700 meter over havet. Kjelda til elva Neckar ligg i Schwenningen (Schwenninger Moos).

Historie I mellomalderen var Villingen ein austerriksk by. Under reformasjonen vart han verande katolsk. Villingen vart omleira av marsjal Tallard i 1704. Oberst Von Wilstorff forsvarte seg godt i dei utdaterte festningsverka og etter seks dagar måtte Tallar gje opp.

mini|venstre|Sentrum av Villingen i 2005.

Schwenningen var ein landsby fram til 1800-talet. I 1858 vart den første klokkefabrikken oppretta her, og frå den tida har urmakeri og presisjonsmekanikk vore ein viktig industri.

Som ein del av reformene i Baden-Württemberg i 1972 vart Villingen og Schwenningen slått i saman, i lag med fleire andre omliggande landsbyar. Dei to halvdelane av byen heng derimot ikkje saman, og har mellom anna eit platå mellom seg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Villingen-Schwenningen» frå , den 25. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Baden-Württemberg