thumb|Hovudbygget, tidlegare bustadhus Hå gamle prestegard er ein tidlegare prestegard, vest for Nærbø i Hå kommune. På 1980-talet vart bygningane restaurert, og dei fekk funksjon som kulturhus. I 1989 vart prestegarden tildelt Fritt Ords honnør for restaurering av eit verdifullt gardstun og for levande kulturarbeid i husa.

Garden ligg heilt ut mot storhavet og er i dag eit kunst- og kultursenter. Her finn ein eit galleri med vekslande kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Det er òg kafeteria og sal av kunst.I kjellaren i jærhuset er det utstilt funn av restar etter 8200 år gamal busetting i området. Langs kyststripa er det eit stort strandgravfelt frå folkevandringstida.

Bilete

Bakgrunnsstoff

Hå gamle prestegard på http://www.ha.no Strandgravfeltet nedanfor Hå gamle prestegard

Kategori:Byggverk i Hå Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør Kategori:Turistmål i Rogaland Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Hå Kategori:Kultur i Hå