Landshut er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Isar i regionen Niederbayern, der han er hovudstad. Landshut ligg om lag 70 km nordaust for München

I tillegg er byen administrativt sete for landkreisen Landshut. Landshut er den største byen i Niderbayern etterfølgd av Straubing og Passau, i tillegg til den største byen i Aust-Bayern etter Regensburg.

På grunn av det karakteristiske byvåpenet vert byen stundom kalla «Trehjelmsbyen» (Dreihelmenstadt).

Historie mini|venstre|Gamlebyen i Landshut.

Byen Landshut og slottet Trausnitz vart grunnlagd i 1204 av Ludvig I Wittelsbach av Bayern. Alt i 1231 vart byen residens for Wittelsbach og i 1255 då hertugdømet Bayern vart delt i to, vart Landshut hovudstad i Niederbayern. Hertug Henry XVI var den første av tre kjende, rike hertugar som styrte Bayern-Landshut på 1400-talet. Hertug Georg av Bayern gifta seg med den polske prinsessa Jadwiga Jagiellon i 1475 i Landshut og heldt ein av dei flottaste festivalane i mellomalderen (kalla Landshuter hochzeit). Etter Georg døydde oppstod det ein kort krig før byen vart ein del av Bayern-München. Ludvig X av Bayern bygde Landshut Residens i 1537-1543 etter han hadde vitja Italia. Ludvig bygde det første renessansepalasset nord for Alpane etter Palazzo Te i Mantova. Vilhelm V av Bayern oppgraderte Burg Trausnitz frå ein gotisk festning til eit renessansebyggverk der han budde då han var kronprins i ti år fram til 1579. Etter dette var Landshut mykje mindre viktig fram til Ingolstadt Universitet vart flytta til Landshut i 1800. Alt i 1826 vart derimot universitetet flytta til München.

Under den andre verdskrigen låg det ei underavdeling av Dachau konsentrasjonsleir i byen, som gav slavearbeidarar til den lokale industrien. Sidan München internasjonale flyplass opna nær Landshut i 1992 har byen vore attraktiv for forretningsselskap.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Landshut» frå , den 30. juni 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Bayern