Fylkesveg 7630, tidlegare fylkesveg 868 i Nordland, går mellom Trivatnet ved Raftsundbrua i Hadsel kommune og Holand i Vågan kommune. Vegen fylgjer austsida av Raftsundet og er 29,6 km lang.

Historie mini|Brubrekktinden med fylkesveg 868 sett mot nord, september 2010.Foto: Simo Räsänen mini|Digermulen ferjekai, september 2010. Søre del av Raftsundet i bakgrunnen.Foto: Simo Räsänen Vegen mellom Digermulen og Kongselv vart opna i 1976. Frå Kongselv var det ferjesamband til Hanøy og Kaljord. Då fyrste del av Lofotens fastlandssamband, E10, vart opna frå Fiskebøl til og med Raftsundbrua i 1998, vart fylkesvegen langs Raftsundet bygd vidare frå Kongselv til Raftsundbrua, og bygdene på austsida av Raftsundet fekk dermed ferjefritt vegsamband til Svolvær.

Ferjesambandet frå Digermulen til Finnvika på Store Molla vart opna i 2001, etter at det var blitt bygd veg på vestsida av Store Molla. Før det hadde det vore ferjesamband frå Digermulen til Svolvær via Ulvåg og Brettesnes på Store Molla.

Vegen frå Holand til Storfjell stod ferdig i 1998.

Kommunar og knutepunkt

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fylkesvei 868 (Nordland)» frå , den 14. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Digermulen.de: Historie NRK Nordlands fylkesleksikon: Raftsundet

Bakgrunnsstoff

7630 Kategori:Ferjesamband i Nordland Kategori:Vegar i Hadsel Kategori:Vegar i Vågan