Alvøen eller Alvøy er eit gardsnamn og stadnamn i Laksevåg i Bergen. Etter at Alvøens Papirfabrik AS hadde laga papir i Alvøen sidan 1797, stogga papirmaskinane for godt i 1981. Fabrikken var då den eldste papirfabrikken i landet. Eigedomen med det staselege direktørhuset, Alvøen Hovedbygning, vart opna som museum i 1983 i regi av Vestlandske Kunstindustrimuseum.
Den eldste forma av namnet vart skrive omkring 1400 e.Kr. som «Alfuen» med uttala Alven. Det fyrste leddet «Alv-» kan koma frå gamalnorsk alfr, dvs. ‘grus’. Men det siste leddet «-øen» skal fyrst ha kome til på 1560-talet, frå det veksande danske embetsverket, av di skrivaren trudde staden var ein «ø», eller ei øy.
Alvøen ligg ved Vatlestraumen heilt vest i Bergen kommune, der lasteskipet «Rocknes» gjekk på grunn og kantra i januar 2004. Havaristen vart slept til Alvøen, stabilisert og delvis undersøkt, før han blei teken til CCB-basen ved Ågotnes på Sotra for vidare undersøkingar og snuoperasjon.
Sjå òg Alvøy er namn på øyar i Øygarden kommune og Fjell kommune i Hordaland fylke.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Alvøen Hovedbygning Alvøen AS Kulturminne på Alvøen
Kategori:Gardsnamn Kategori:Stadnamn Kategori:Geografi i Bergen