Hürth er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 60 000 innbyggjarar og ein av forstadane til Köln. Han ligg i kreisen Rhein-Erft-Kreis.

Geografi Hürth ligg om lag 9 km sørvest for Köln på nordaustsida av naturreservatet Kottenforst-Ville.

Byen består av tretten tidlegare sjølvstendige landsbyar, og er inndelt i fleire sentrum over eit relativt stort område mellom innsjøar og små skogområde.

Historie Den 1. april 1930 vart landsbyane Hürth (med Alstädten og Knapsack), Berrenrath, Fischenich, Gleuel (med Sielsdorf og Burbach), Hermülheim og Kendenich (med Kalscheuren) slått saman til kommunen Hürth. Etter at Köln i nokre år hadde prøvd å innlemme Efferen til byen, vart Efferen, i tillegg til Stotzheim, i staden ein del av Hürth i 1933. Dette gjorde Hürth til den største landlege kommunen i Tyskland fram til 1978, då Hürth vart ein forstad til Köln.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hürth» frå , den 19. juli 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen