Éjina (gresk skrift Αίγινα) eller Aegina er ei av Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas, 50 km frå Athen. Tradisjonen seier at namnet kjem av Aigina, mor til Aiakos som var fødd på og herska over øya. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí. Administrasjonssenteret er Éjina by, som ligg på den nordvestlege enden av øya. På grunn av plasseringa i forhold til Athen er øya ein populær utfartsstad i sommarmånadane, og mange atenarar eig sommarhus her.
Geografi Éjina har ei trekanta form med eit areal på 87 km². Øya er 13 km lang frå nordvest til søraust og 15 km brei.
To tredelar av Éjina er ein utdøydd vulkan. Den nordlege og vestlege sida består av steinete, men frodige sletter, der ein mellom anna dyrkar korn, bomull, vinranker, mandel, oliven og fiken, men mest karakteristisk er pistasje. Økonomisk er òg fiske etter svampar viktig.
Den sørlege, vulkanske delen av øya er kupert og berglendt, og stort sett aude. Den høgaste toppen er Óros i sør. Ein fjellrygg strekkjer seg nordover derifrå med smale, frodige dalar på kvar side.
mini|venstre|Stranda Ajía Marína sett frå ein lokal restaurant.
Strendene på øya er ein populær turistattraksjon. Båtar frå Athen kan nå øya på 20 minutt, men vanlege ferjer bruker opp mot ein time.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Éjina by 6 867 6 633 Kypséli 2 124 2 166 Vathý 1 495 1 449 Pérdika 680 699 Mesagrós 575 679
Dei andre busetnadene på øya er:
Småøyar i kommunen: (Lagoúsa) (0) (Lagousáki) (0) (0) (0) (0)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aegina» frå , den 23. juli 2007.
Bakgrunnsstoff Bilete frå Éjina Éjina på athensguide.org Éjina aeginagreece.com Reiseguide for Éjina Kart over Antikkens Hellas, inkludert Éjina
Ejina Ejina Ejina Ejina Ejina