Alónnisos (gresk Αλόννησος), òg skrive Alonisos eller Alonissos, er ei øy vest i Egearhavet i Hellas. Øya er ein del av Dei nordlege Sporadane.
Alónnisos er ein eigen kommune som tidlegare høyrde til Magnisía prefektur, men frå 2011 inngår øya saman med Skiáthos og Skópelos i periferieininga Sporadane i periferien Thessalía.
Alónnisos ligg 3 km aust for Skópelos. Kommunen Alónnisos inkluderer fleire andre småøyar, mellom anna Adelfíøyane, Joúra, Kyrá Panajá, Peristéra, Pipéri, Psathoúra og Skándzoura.
På det breiaste er øya 4,5 km frå nordvest til søraust, og på den lengste 20 km frå sørvest til nordaust. Øya består stort sett av kalkstein. Alónnisos ligg aust for fastlandet i Hellas og Magnisía, nordaust for Évvia og nordvest for øya Skýros. Alónnisos har ein hovudveg som fører til tre landsbyar vest på øya og fleire unytta vegar rundt om på øya.
Alónnisos er òg namnet på hovudlandsbyen på øya. Han ligg sør på øya og vert lokalt kalla Khóra. Hovudhamna til øya, som òg er hovudsete i kommunen, ligg i søraust og heiter Patitíri. Frå her går det ferjer til Vólos, Ájos Konstandínos og Thessaloníki på fastlandet, og til øyane Skiáthos, Skópelos og Skýros.
I mellomalderen og fram til 1800-talet vart hovudlandsbyen kalla Khiliodrómia, som tyder «tusen vegar». Andre namn var Diadrómia og Iliodrómia.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Patitíri 1 628 1 387 Alónnisos (Khóra) 208 792 Vótsi 473 709 Jérakas 62 92 Stení Vála 104 48
Dei andre busetnadene på øya er: Mourteró (25) Isiómata (20) Marpoúnda (15) Kalamákia (9) Ájos Pétros (8)
Småøyar i kommunen: Peristéra (18) Kyrá Panajá (9) Pipéri (6) Adelfíøyane (0) Joúra (0) Skándzoura (0) Psathoúra (0)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alonissos» frå , den 27. juli 2007.
Bakgrunnsstoff Offisiell side Reiseguide for Alónnisos
Alonnisos Alonnisos Alonnisos Alonnisos