Mette Elisabeth Finnestad () er ein norsk skyttar frå Skjeberg, no busett i Søgne. Ho vart historisk da ho som første kvinne vann Landsskyttarstemnet i 2006 og vart skyttardronning.

Lansskyttarstemnet i 2006 gjekk føre seg i Målselv. Da Finnestad vann, hadde skyttartinget akkurat bestemt at tittelen skulle vera skyttardronning dersom ei kvinne vann, og dette året var det til og med to kvinner på toppen av listene. Finnestad har òg vorte skyttarprinsesse to gonger, begge gongene representerte ho Torsnes skytterlag.

Ho er gift med skyttarkongen frå 1987, Tor Harald Lund frå Søgne.

Titlar Skyttardronning, 2006 Skyttarprinsesse, 1991 Skyttarprinsesse, 1988

Kjelder Skytterboka 2005-2006, utgjeve av Det frivillige skyttarvesenet

Bakgrunnsstoff Det frivillige skyttarvesenet sine heimesider

Kategori:Norske skyttarar Kategori:Folk frå Sarpsborg Kategori:Folk frå Søgne