Zákynthos (gresk Ζάκυνθος, italiensk Zante) er den tredje største øya i Dei joniske øyane i Hellas med eit areal på 410 km² og ei kystlengd på 123 km. Zákynthos var tidlegare eit prefektur, men er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei joniske øyane. Zákynthos er den einaste kommunen i periferieininga. Til kommunen høyrer òg den vesle øygruppa Strofádes i sør.
Øya er kalla opp etter Zakynthos, son til ein legendarisk høvding kalla Dardanos. Namnet, som liknande namn som endar på -nthos, har førmykensk eller pelasgisk opphav. Zákynthos har ein blømande turistindustri og er eit av dei store turistmåla i Hellas.
Zákynthos har eit variert terreng med frodige sletter i søraust og fjelllendt terreng med bratte klipper langs kysten i vest. Det milde middelhavsklimaet og nok regn om vinteren har gjeve øya ein tett vegetasjon. Av jordbruksprodukt som vert dyrka her finn ein oliven, korintar, druer og sitrusfrukter. mini|venstre|Satellittbilete av Zákynthos Den mest kjende personen frå Zákynthos er diktaren Dionysios Solomos, ein av dei store diktarane i moderne gresk historie som skreiv nasjonalsongen til Hellas på 1800-talet.
I sørvest ligg den nasjonale marine parken på Zákynthos der ein kan finne havskjelpadder. Kvart år i juni kjem hoene til dei sørlege strendene for å legge egg i sanden.
Hamna på Zákynthos har ferjesamband til Kyllíni på fastlandet. Ei anna båtrute går frå landsbyen Skinári til Argostóli på øya Kefaloniá.
Historie mini|venstre|Navájobukta med eit skipsvrak Zákynthos har vore busett sidan steinalderen.
Den kjende antikke greske diktaren og forfattaren Homer var den første til å nemne øya i meisterverka sine Iliaden og Odysseen, og fortalde at dei første innbyggjarane på ho var sonen til Kong Dardanos av Troja, som heitte Zakynthos, og mennene hans, og at dei først kom til øy omkring år 1500-1600 fvt. Øya vart så erobra av kong Arkeisios av Kefaloniá. Den kjende Odyssevs frå Ithaka var den neste kongen til å erobre øya. Seinare vart det signert ein avtale som gjorde Zákynthos til eit sjølvstendig demokrati, det første som vart oppretta i den hellnistiske perioden, og som varte i meir enn 650 år.
Zákynthos var i lag med resten av Dei joniske øyane i fleire hundre år styrt av Venezia og andre italienske fyrstedøme. Italienarane verna øya mot osmansk okkupasjon, og oppretta i staden eit føydalt oligarki. Øya vart kraftig påverka av italiensk kultur og språk. Dei rike innbyggjarane på øya pla å sende sønene sine til Italia for å utdannast.
Under napoleonskrigane vart øya okkupert i forskjellige periodar av Frankrike, Russland, Det osmanske riket og til slutt Storbritannia, som styrte øya fram til 1864 då ho vart avstått til Hellas.
Det store jordskjelvet i 1953 Zákynthos vart råka av fire store jordskjelv i august 1953, som førte til store øydeleggingar. Det tredje og største skjelvet målte 7,3 på Richterskalaen og skjedde 12. august kl. 11:24 lokal tid. Episenteret låg like under sørenden av naboøya Kefaloniá og førte til store øydeleggingar her òg. Berre fire bygningar stod att på Zákynthos: kyrkja Ájos Dionysios, nasjonalbanken, skulen og kyrkja Ájos Nikólaos.
Administrativ inndeling
Før den administrative reforma i hadde Zákynthos seks kommunar, men frå 2011 er heile øya ein kommune, den einaste i periferieininga Zákynthos. Dei tidlegare kommunane er er no kommunaleiningar.
Periferieining Kommune Tidlegare kommune Postnummer Retningsnr. Zákynthos Zákynthos Zákynthos by 291 00 26950 Laganás Artimisía Elátia Alykés Arkádii
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Zákynthos by Zákynthos by 9 772 9 760 Mouzáki Laganás 1 702 1 965 Gaitáni Zákynthos by 1 889 1 872 Ambelókipi Zákynthos by 1 606 1 685 Katastári Alykés 1 378 1 331 Lithakiá Laganás 1 307 1 302 Vanáto Arkádii 1 045 1 191 Kalamáki Laganás 890 1 057 Plános Arkádii 742 1 011 Pandokrátor Laganás 925 921 Makherádo Artimisía 941 912 Ájos Kýrikos Arkádii 733 887 Laganás Laganás 729 766 Argási Zákynthos by 639 697 Kallitéro Zákynthos by 627 682 Sarakinádo Arkádii 619 671 Bokháli Zákynthos by 876 656 Tragáki Arkádii 622 608 Skoulikádo Alykés 653 580 Romíri Artimisía 605 579 Alónia Alykés 526 549 Kalipádo Arkádii 709 545 Ájos Dimítrios Alykés 531 517 Kypséli Arkádii 532 479
Andre busetnader på øya er:
Småøyar i kommunen: Strofádes (0) Ájos Ioánnis (0) Ájos Andréas (0) Kalonísi (0)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zakynthos» frå , den 30. juli 2007.
Referansar
Bakgrunnsstoff Praktiske reisetips Reisetips om Zákynthos på bokmål. Zante Zakynthos - Complete Guide to Zakynthos island. Zakynthos Online - Web Directory. Bella Vista - Anbefalt overnattingssted
Zakynthos
Zakynthos Zakynthos Zakynthos Zakynthos