Albert Kjær (fullt namn Johan Albert Julius Kjær) () var ein norsk filolog, bibliotekar og stadnamngranskar.
Kjær vart cand.mag. i 1875, og arbeidde frå 1876 på Universitetsbiblioteket i Oslo, frå 1918 som førstebibliotekar. Han arbeidde 1880-83 også ved Deichmanske bibliotek. Kjær skreiv nokre enkle historiebøker som En liden lærebog i historie : (verdenshistorie - kirkehistorie - Norges historie) for folkeskoler paa landet (1894), men den største innsatsen som publist gjorde han som redaktør av fleire band av Oluf Ryghs Norske Gaardnavne, og P.A. Munchs Norrøne gude- og heltesagn.
Kjær vart som pensjonist utnemnd til statsstipendiat i 1922. Han vart heidra med Festskrift tilegnet førstebibliotekar A. Kjær av venner 26. sept. 1924.
Litteratur Norsk allkunnebok; bd VII. 1956 Amundsen, Leif. «Minnetale over førstebibliotekar A. Kjær». I: Det norske videnskapsakademis årbok 1941
Kategori:Norske bibliotekarar Kategori:Norske filologar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Bergen