Agathonísi (gresk Αγαθονήσι) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er omringa av mange mindre øyar og har to landsbyar: Megálo Khório og Mikró Khorió. Hamna på Agathonísi ligg i Ájos Jeórjos og her finn ein dei einaste hotella på øya. Øya ligg 67 km aust for Pátmos, ein båttur på om lag 2 timar og 30 minutt.

Agathonísi er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Øya går òg under andre namn som det lokale Gáidaros og det antikke namnet Tragea. Det høgaste punktet på øya er 209 meter over havet.

Byar og tettstader Byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Megálo Khório 168 189 Mikró Khório 17 13

Småøyar i kommunen: Gláros (0) Kounéli (0) Nerá (0) Psathonísio (0)

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Agathonissi» frå , den 5. august 2007.

Agathonisi Agathonisi Agathonisi