The Guardian er ei britisk avis gjeven ut av The Guardian Media Group plc i London. Den internasjonale utgåva, The Guardian Weekly, vert gjeven ut kvar veke over heile verda. Ho inneheld òg artiklar frå den britiske søndagsavisa The Observer, USA-amerikanske The Washington Post og franske Le Monde.

Historie The Guardian vart opphavleg grunnlagd som The Manchester Guardian i 1821 i Manchester. I 1825 vart avisa slått saman med British Volunteer, og var kjend som The Manchester Guardian and British Volunteer fram til 1828. Ho fekk det noverande namnet sitt i 1959.

Tradisjonelt var The Guardian knytt til det britiske liberale partiet. Under den spanske borgarkrigen støtta ho venstresida og var den einaste noverande britiske avisa som ikkje støtta Francisco Francos nasjonalistar. The Guardian er ei av dei mest velsette avisene i Storbritannia, og er kjend for å vere uavhengig og ha høg journalistisk standard.

I 2005 endra avisa format frå det tradisjonelle fullformatet (broadsheet) til berlinar (midi), blant anna som eit svar på at aviskonkurrentar som The Times og The Independent gjekk over til tabloidformat.

I november 2005 hadde avisa eit dagleg opplag på rundt 380 000 eksemplar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Britiske aviser Kategori:skipingar i 1821