Strand er ein kommune i Rogaland fylke, i landskapet Ryfylke. Jørpeland i Strand med om lag 6000 innbyggjarar vart by i 1998. Tettstaden Tau har om lag 3000 innbyggjarar.

Strand kommune dekkjer ei halvøy som ligg mellom Idsefjorden og Fognafjorden/Årdalsfjorden og fleire småøyar, som Idse, Idsal og Hidle. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1965, då landet på sørbredden av Årdalsfjorden blei overført frå Årdal kommune.

Kommunen har namn etter ein strandliggjande gard. Kommunevåpenet viser tre raude vasshjul på sølv bakgrunn.

Økonomi Næringslivet i Strand har tradisjonelt vore sterkt dominert av metallindustrien gjennom Stavanger Staal, seinare Scana Steel Stavanger AS. Verkstadindustri er ei anna viktig næring. Jørpelandselva og Tauelva er bygde ut med kvart sitt kraftverk. Innan landbruk blir det drive med dyrehald og fruktdyrking og noko skogbruk.

Kjente strandbuar Ole Kallem (1813–1885), emissær Torvald Fiskå (1899–1944), bonde, militær og motstandsmann Trygve Holst (1907–1945), reklamesjef og motstandsmann Jon Gjedebo (f. 1945), oppfinnar og forretningsmann Hallgeir H. Langeland (f. 1955), stortingsrepresentant Stein Rønning (1965–2008), kampsportutøvar Helge Steinsvåg (f. 1970), ordførar Stian Heimlund Skjæveland (f. 1973), kunstnar Gunn-Rita Dahle Flesjå (f. 1973), terrengsyklist Espen Fiveland (f. 1974), journalist Ellen Dorrit Petersen (f. 1975), skodespelar Hugo Mikal Skår (f. 1978), skodespelar Silje Vige (f. 1976), artist Morten Veland (f. 1977), musikar Hadia Tajik (f. 1983), stortingsrepresentant og statsråd

Kjelder

Velkommen til Strand , strand.kommune.no Thorsnæs, Geir, Strand: kommune (8. juli 2010), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. januar 2014 fra

Bakgrunnsstoff Strand kommune

Kategori:Kommunar i Rogaland