Ájios Evstrátios (gresk Άγιος Ευστράτιος, Sankt Efstratios), lokalt helst Ai Strátis (Άη Στράτης), er ei lita øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya ligg 30 km sørvest for Límnos og 80 km nordvest for Lésvos.
Ájios Evstrátios er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Límnos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Ájios Evstrátios 270 innbyggjarar, som alle budde i tettstaden med same namn.
Ájios Evstrátios er ei roleg og isolert øy. Klimaet er tørt med lite nedbør om vinteren og lange, varme somrar. Landskapet er hovudsakleg steinete med lite og låg vegetasjon. Havet omkring er derimot rikt på fisk, og fiske er hovudnæringa her. Det er fleire flotte strender rundt øya som Ájios Antonios, Lemonies, Avlakia og andre, som ein kan nå med kaik. Øya har båtsamband til Límnos, Ájios Konstandínos, Kými og Kavála.
Øya er kalla opp etter Sankt Efstratios, som levde i eksil på øya på 800-talet fordi han stod imot den biletstormande politikken til den austromerske keisaren Leon Armenaren.
Øya vart nytta til å huse politiske fangar i eksil på 1930-talet. I 1968 vart øya råka av eit jordskjelv som øydela dei fleste bygningane, og desse vart erstatta av betongbygningar som planmessig vart bygd i ein militærleirliknande stil. Øya har likevel ein tiltalande hovudby, òg kalla Ájios Evstrátios. På 1970-talet vart øya igjen nytta til å halde politiske fangar. Den mest kjende av desse var musikaren Mikis Theodorakis.
Byar og tettstader Den einaste tettstaden i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Ájios Evstrátios 270 257
Småøyar i kommunen: Ájii Apóstoli (0) Roúmbos (0)
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Saint Eustratius (Island)» frå , den 8. august 2007.
Kategori:Dei nordegeiske øyane Kategori:Periferieininga Límnos Kategori:Kommunar i periferien Dei nordlege egeiske øyane Kategori:Byar og tettstader i periferieininga Límnos