Gulen kommune ligg sørvest i Vestland fylke og grensar i nord til Solund og Hyllestad, i aust til Høyanger og i sør til Austrheim og Masfjorden. Kommunen har ei rik soge. Namnet kjem frå det norrøne Guli, dativ Gula. Gulatinget vart skipa på Guløy, på 800-talet. Før 1890 heitte kommunen og prestegjeldet Evenvik.

Steinkrossane i Eivindvik er motivet i kommunevåpenet.

Geografi

1 500 øyar, holmar, skjer og fleire små kryssande dalføre på fastlandet utgjer kommuenen. I tillegg femner han dels småkupert strandflate, dels brattare areal og fjell innanfor.

Kommunen er avgrensa av Sognefjorden i nord, Nordsjøen i vest, Fensfjorden i sør og fjella i Stølsheimen i aust. Det høgste punktet er Svadfjell 878 .oh. Dei største øyane er Sandøya, Hisarøy, Byrknesøy, Mjømna og Hille. Det er fem lengre fjordar i kommunen. Risnefjorden (arm av Sognefjorden), Gulafjorden som deler seg i Nordgulfjorden, Austgulfjorden og Eidsfjorden. Gulafjorden begynner ved Flolid/Guløy.

Geologien i Gulen er einsidig, nesten heile kommunen utgjer om lag 1,5 milliardar år gamal, proterozoisk gneis i grunnfjellskjoldet. Heilt i sørvest er nokre små øyar med ein kaledonsk berggrunn, av dei Røytinga, som er bygd opp av sandstein og konglomerat frå devontida.

Området vart råka under den kaledonske fjellkjedefoldinga men ligg like utanfor den eigentlege Kaledonske fjellkjeda. Det er eit gneisbrot på Halsvik i sør som vert utnytta kommersielt av Halsvik Aggregates AS i Sløvåg. Gneisen går for det meste til eksport til Europa, men er òg levert til Ormen Lange-prosjektet.

Dyrelivet er vestlandsk med mellom anna hjort, rådyr, raudrev, røyskatt, mår, mink, ekorn, snømus, markmus, lemen og hare. I havet kan ein treffa på steinkobbe, havert, vågekval, seikval, finnkval, knølkval, nise, kvitskjeving og grindkval.

Klima, arealfordeling, vegetasjon Gulen har eit utprega temperert kystklima, med milde vintrar og varme somrar. Det er mykje nedbør og sterk vind. Klimaet har vore årsak til mange flaumar og ulukker opp gjennom tidene. I Brekke er det vorte registrert den største nedbøren i et kalenderår i Noreg på 5596 mm. I 1995 vart det målt 184,6 millimeter nedbør på eitt døgn på målestasjonen på Takle.

Meteorologisk institutt har betjent, synoptisk vêrstasjon på Takle ved Sognefjorden, den har vore i drift sidan 1950. Tabellen under viser meteorologiske data med døgnmiddelverdiar for Takle vêrstasjon, samanlikna med Oslo og Bergen, basert på perioden 1961–90: StadHoh.Temp. - januar (°C)Temp. - juli (°C)Temp. – år (°C)Årleg nedbør (mm)Vekstsesong (dagar)Sommar (dagar)Snø >25 cm (dagar) Takle 30 1,0 13,5 6,8 3176 214 117 9,5 Oslo / Blindern 94 –4,3 16,4 5,7 763 188 133 30 Bergen / Florida 12 1,3 14,3 7,6 2250 215 143 3

Vekstsesong: Talet på dagar i året med døgnmiddeltemperatur på minst 5 °C. Sommar: Talet på dagar i året med døgnmiddeltemperatur på minst 10 °C. Snø: Talet på dagar med minst 25 cm snølag på bakken, basert på perioden 1971–2000.

Klimaet er likt klimaet i Bergen, men er noko kaldare jamnt over og meir snørikt. Det er både litt færre sommardagar og litt kortare vekstsesong på Takle enn i Bergen. Også på Takle har vintrane vorte mildare og mindre snørik dei siste tiåra. Medan talet på døgn med minst 25 cm snødjupn var 13,5 i trettiårsperioden 1961-1990, var dette redusert til 9,5 i perioden 1971-2000.

Vegetasjonen er sparsam, det er relativt lite skog og eng, men meir snaufjell og beitemark. Kommunen strekkjer seg ikkje over tregrensa. Fordelinga innan arealet er slik: Dyrkbar mark 4 % Skog 19 % Vatn 3 % Anna 74 %

Gulen har kystvegetasjon og relativt surt jordsmonn. Det veks furu og einer, men ikkje gran her i vest. Lauvskogen er dominert av bjørk heilt opp i fjellet. Det er og ein del edellauvskog med lind, medan bøk stoppar i nabokommunen Lindås i sør.

Tettstader Det er to tettstader i kommunen, kommunesenteret Eivindvik med på fastlandet, og Byrknes med vest på Byrknesøy.

Samhald og politikk Gulen kommune vart oppretta som Evenvik formannskapsdistrikt i 1837. I 1850 vart Brekke, med 898 innbyggjarar, skild ut som eigen kommune. Det var deretter 3.944 innbyggjarar i Gulen. I 1858 vart Solund, som då heitte Utvær, med 1.384 innbyggjarar, skild ut frå Gulen som sjølvstendig kommune. Gulen hadde deretter 3.018 innbyggjarar.Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53 Namnet på kommunen vart endra frå Evenvik til Gulen i 1890.Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 57

1. januar 1964 vart Brekke med 782 innbyggjarar igjen ein del av Gulen kommune.Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 54 Samtidig vart øya Losna med 40 innbyggjarar overført til Solund kommune.Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56 Før kommunesamanslåinga hadde Gulen kommune 2.468 innbyggjarar (utanom Losna). 1. januar 1964, etter endringane, budde det 3.250 personar i Gulen kommune.

Folketalsutvikling

+ Folketalsutvikling for noverande Gulen kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Gulen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Brekke 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 4080a 3888a 3822a 3755a 3375a 2844 2734 2585 2473 2302 a Talet omfattar øya Losna, som var del av gamle Gulen kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Solund kommune. Denne øya hadde då 40 innbyggjarar.

Historie Gulens betydning i eldre tider kjem av at det låg strategisk plassert nært både Hordaland og Sunnfjord, og ikkje minst tente Gulen som utgangspunkt for seglinga inn Sognefjorden til Sogn. Det er gjort funn frå steinalderen på Flolid, Berge og Blidensol. Det er og funne branngraver frå bronsealderen langs kystleia. Frå jernalderen er funna talrike. Ved Dingenes i nordvest stod det eit slag i 978 kor Håkon jarl overvann kong Ragnfred, siste son til Eirik Blodøks.

I Gulen, på garden Flolid låg Gulatinget i gammal tid, som no er kommunen sin tusenårsstad. Her samla høvdingar og storbønder frå heile Vestlandet seg for å avgjera rettstvistar og hylle norske arvekongar. Tingområdet gjekk på det meste frå Agder til Sunnmøre. Tinget er svært gamalt, det var forbilde for det islandske Alltinget då det vart oppretta i 930. Gulatinget vart halde i Gulen i om lag 400 år, gjennom borgarkrigstida og høgmellomalderen fram til 1200-talet, då vart det flytt til Bergen.

Gulen var viktig i kristninga av Vestlandet. Den 1. krossen på Gulating stod på Krosshaugen over Tingvollane på Flolid. Han vart flytta til kyrkja som Håkon Håkonsson bygde på Kyrkjehaugen. Denne kyrkja vart, etter reformasjonen ein gong, flytta til Eivindvik, der stod ho til ny kyrkje vart bygd i 1863.

I seinmellomalderen styrte Hansaen all handel og privilegium på Vestlandet gjennom Bergen, og fiske og anna næringsverksemd i Gulen blei gjennom dansketida underlagt handelsmonopola som borgarane i Bergen hadde. Landbruket bygde på sjølvforsyning og det blei difor dyrka korn alle stader der det lét seg gjere. Elles stod storfehaldet sentralt. Svartedauden slo hardt i Ytre Sogn, med meir enn 40 % øydegardsdanning. Med meir tilgjengeleg dyrkiningsareal og mindre arbeidskraft etter pesten, gjekk landskylda ned 20-30 %, og det blei umogeleg for dei fleste å driva arbeidskrevjande korndyrking. Difor skjedde det etter 1350 ei omlegging frå korndyrking til nesten utelukkande mjølke- og kjøttproduksjon. Dessutan blei fisket viktigare, men mest for sjølvforsyning. Det gav meir variert kosthald og høve til å byta til seg korn frå kontinentet via Bergen. Stigande kjøttprisar på kontinentet gav ganske gode tider på bygdene på Vestlandet.Sverre Bagge og Knut Mykland, Norge i Dansketiden, Politikens Forlag 1987, side 19-21. Frå 1500-talet sette Den vesle istida inn og varte ut 1700-talet, men det ser ikkje ut som den bremsa befolkningsveksten noko særleg.Sverre Bagge og Knut Mykland, Norge i Dansketiden, Politikens Forlag 1987, side 24.

Seinmellomalderen Seinmellomalderen innleidde altså ei tid med redusert befolkning, og fallande jordprisar og avgiftstrykk på bøndene. I Gulen må vi tru at leidang og bondeoppbod var tyngjande av di området låg så nær Bergen i denne konfliktfylte tida, men etter Hansaens definitive siger på Vestlandet vart leidangsplikta borte langs kysten, og frå 1429 stod berre leidangsskatten attende.Sverre Bagge og Knut Mykland, Norge i Dansketiden, Politikens Forlag 1987, side 28-29. Gulen låg heilt nord i Nordhordland syssel, men etter Svartedauden og landbrukskrisa som følgde, blei det stadig vanskelegare å skapa grunnlag for dei 40-50 sysselmennene som kravde inn lokal landskyld og inntekter. Etterkvart vart Gulen og det øvrige Vestlandet difor del av det større Bergenhus len, eit teikn på konsentrasjonsbehovet for ei stadig svakare statsmakt. Berre kyrkja styrkte seg i denne tida, med prestetienda, soknetienda og bispetienda hennar, i tillegg til inntektene frå reine kyrkjegods.

Håkon Håkonsson bygde ei kyrkje i Guløy. Det er truleg den kyrkja som gamle folk hugsar,og fortalde om, og som det tidlegare var merke etter på Flolidstranda. Denne kyrkja vart seinare flytta til Eivindvik, etter reformasjonen ein gong. Etter reformasjonen i 1536 gjekk inntektene til kyrkja ned, både på grunn av statleg konfiskasjon av kyrkjegods og av di bispetienda blei ein statsskatt. Lensmann Tord Rod i Bergenhus len gjekk hardhendt fram og plyndra alle katolske gull- og bileteskattar frå dei lokale kyrkjene. Samstundes sigra dansk som kyrkjespråk på denne tida. Utover 1600-talet skreiv Staten stadig oftare ut krigsskatt, festningsskatt, landskatt og sølvskatt blant bøndene i heile landet, og mindre overskot vart att lokalt. Bøndene ved Sognefjorden nekta i 1532, men deretter blei skattebyrda ofte årviss. Det var mykje klager, opprør og tidvis drap på omreisande futar i fylket på denne tida.NRK Sogn og Fjordane leksikon - NRK. Inntektene finansierte krig og festningsbygging, medan den lokale kyrkjeorganisasjonen forfall. Likevel blei folketalet i landet dobla 1520-1660 takka vere sterk vokster i skogbruk og fiske, men desse vekstnæringane hadde lita utbreiing i Gulen så folkevoksteren var venteleg svakare der enn i landet elles.Vi kjenner ikkje folketala i sokna føre 1660, da vart det gjennomført folketeljing i heile landet. Auka fiske og trelastproduksjon for eksport fekk sitt motstykke i auka kornimport frå Danmark for å fø den auka befolkninga.Sverre Bagge og Knut Mykland, Norge i Dansketiden, Politikens Forlag 1987, side 100, 119-122.

Gulen kyrkje var i privat eige frå 1720-talet til 1862, då enka etter presten Daae selde ho attende til soknet. Den 15. juni 1863 vart kyrkja selt på tvangsauksjon og inventaret vart spreidd i prestegjeldet - og nye Gulen kyrkje vart reist.

Moderne tid