Despotikó (gresk Δεσποτικό) er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg i kommunen Andíparos, som er ein del av periferieininga Páros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Den litle øya ligg om lag ein kilometer frå Andíparos. Ho er ikkje busett,2021Folketeljing 2021 men det finst sterke indikasjonar på at ho kan ha vore eit sentrum i Kykladane i antikken. I dag vert det gjort arkeologiske utgravingar på øya og funna så langt har vore viktige. Enkelte lekamar ein har funne her er utstilt i museet i Páros by (Parikía) på øya Páros, i lag med andre viktige funn frå området.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Despotiko» frå , den 14. august 2007.
Despotiko