Skhinoúsa (gresk Σχοινούσα) er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho har eit areal på 8,5 km², er 5,5 km lang og på det breiaste 4 km.

Skhinoúsa var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Skhinoúsa 229 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 211 innbyggjarar.

Øya ligg mellom Iráklia og Kéros, og like sør for Náxos.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Schinoussa» frå , den 23. september 2016.

Referansar

Skhinousa Skhinousa Skhinousa Skhinousa