mini|DS «Vesteraalen» ved Bodø i 1893, under den første turen i hurtigruta. Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) var eit reiarlag som vart stifta i 1881 på Stokmarknes i Nordland. Føretaket dreiv med lokal rutetransport, samt at det starta den første Hurtigruta i 1893.
Selskapet fusjonerte i 1987 med Ofotens Dampskipsselskap, det nye føretaket fekk namnet Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS). I 2006 fusjonerte OVDS med Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) og danna Hurtigruten Group, som seinare vart omdøypt til Hurtigruten ASA.
Skip mini|Veteranskipet DS «Børøysund» med VDS sitt skorsteinsmerke og reiarlogo Nokre av reiarlaget sine eksisterande skip: MS «Vesterålen» – I hurtigruta MS «Lofoten» – I hurtigruta MS «Finnmarken» (frå 1956) – Museumsskip DS «Børøysund» – I drift som veteranskip DS «Hestmanden» – Bevart
Bakgrunnsstoff digitalarkivet Reklameplakater for Vesteraalens Dampskibsselskab fra 1930-tallet. Riksarkivet - Prisliste frå 1917: «Vesteraalens Dampskibsselskab (Hurtigruterne) 2den Plads Priskurant»
Kategori:Hurtigrutereiarlag Kategori:Tidlegare norske reiarlag Kategori:Hadsel kommune Kategori:Vesterålen Kategori:Skipingar i 1881