mini|Pátrabukta frå rommet, mars 1994mini|Pátrabukta
Pátrabukta (gresk Πατραϊκός Κόλπος, Patraikós Kólpos) er ei bukt i Det joniske havet i Hellas. I aust ligg Ríosundet mellom nesa Río og Andírio med Korintbukta på andre sida. Río-Andírio-brua går over dette sundet. I nord ligg periferieininga Etoloakarnanía ut mot bukta, medan Akhaía ligg i sør. I vest endar bukta ved ei linje frå øya Oxía til Kapp Áraxos. Ho er 40–50 km lang og 10-20 km brei med eit areal på 350–400 km².
Hamnebyen Pátra ligg i søraust og er den einaste større hamna i bukta. Frå her går det ferjer til Ancona og Brindisi i Italia i tillegg til Kefaloniá. Mesolóngi har òg ei hamn. Det ligg strender i sør, i aust og enkelte stader i nord. Dei gamle hamnene i Río og Andírio ligg aust i bukta. Det er mykje fisk i Pátrabukta.
Tre slag kalla slaga ved Lepanto vart utkjempa i denne bukta i 1499, 1500 og 1571, sjølv om Lepanto (i dag Návpaktos) er ein del av Korintbukta.
Skipet Vivi trefte ei sjømine og sokk på 30 meters djup den 11. september 1940.
Stader langs bukta
Río aust, strender Pátra aust, hamn and strender Paralía, søraust Roítika, søraust Monodéndri, søraust Tsoukouléika, søraust Alissós, sør, strand Alykés, nord for Káto Akhaía, sør Ionikí Aktí, sør Kapp Áraxos, sørvest Mesolóngilagunen, nordvest Mesolóngi, nord Andírio, nordaust, hamn
Elvar Akhelóos Évinos Loúros
Bakgrunnsstoff Pátrabukta sett frå verdsrommet Satellittbilete av mellom anna Pátrabukta og andre område vest i Hellas
Kjelde
Patrabukta Patrabukta Patrabukta Patrabukta