Joachim «Jokke» Nielsen () var ein norsk musikar. Han var vokalist, gitarist, låtskrivar og frontfigur i den norske rockegruppa Jokke & Valentinerne, og var bror til teikneserieskaparen Christopher Nielsen og son av kunstnaren John David Nielsen.
Nielsen skipa Jokke & Valentinerne i 1982, og gruppa vart snøgt ei av dei mest populære gruppene i rockemiljøet i Oslo. I 1985 vart låtane «Spenn» og «Alt kan repareres» gjevne ut på ein samlekassett med nye norske band, og året etter gav Jokke & Valentinerne ut sitt fyrste album, Alt kan repareres.
Jokke levde på mange måtar opp til rockemyten. Tekstane hans handla mykje om fyll og alkohol, og ikkje sjeldan var Jokke sjølv i overkant påverka på sine eigne konsertar. Han skapte avisoverskrifter under utdelinga av Spellemannprisen i 1992 då han for albumet Frelst tok imot prisen i kategorien beste rockeartist, synleg ruspåverka.
På 90-talet tok «Jokke» i bruk hardare rusmiddel. I songtekstane sine skildra han strevet og fortvilinga i livet sitt med rusmiddelavhengnad. Han vart lagd inn på avrusingsklinikkar nokre gonger, for å freista slutta med heroin, noko han diverre ikkje klarte. «Jokke» Nielsen døydde av ein overdose i oktober 2000, berre 36 år gamal.
Diskografi
Jokke & Valentinerne Alt kan repareres (1986) Et hundeliv (1987) III (1990) Frelst (1991) Alt kan repeteres (1994) Spenn! (1995)
Soloalbum Nykter (1996)
Jokke med Tourettes Trygge Oslo (1997) Billig Lykke (1999)
Jokke & Valentinerne med Tourettes Prisen for popen Tomgang (singel) (2005)
Bakgrunnsstoff Jokke diskografi - Komplett diskografi.
Nielsen, Joachim Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund