Cavalli Islands er ei lita øygruppe i Whangaroa på austkysten til regionen Northland på Nordøya New Zealand. Dei ligg fem kilometer aust for havbukta Matauri Bay på Nordøya.

Gruppa består av øyene Motukawanui (areal 3,40 km²) og dei mindre øyene Motutapere, Panaki, Nukutaunga, Motuharakeke, Haraweka og Motukawaiti. Den største øya er gjort til eit naturreservat, nokre av dei mindre er i privat eige.

2. desembe 1987 vart skroget til den sprengde Greenpeace-båten «Rainbow Warrior» senka mellom Matauri Bay og Cavalli Islands, for å tena som eit dykkemål og som reservat for fisk. Dette vart sett på som eit høveleg endelikt for dette skipet.

Bakgrunnsstoff Foto av øyene frå Matauri Bay Kart og omtale av Whangaroa-distriktet

Kategori: Øyar på New Zealand