Grámmos (gresk Γράμμος) eller Gramos er ei fjellkjede nordaust i periferieininga Ioánnina og vest i Kastoriá i Hellas, i tillegg til søraust i Albania. Fjellet er den nordlegaste fjellkjeda i fjellkjeda Píndos. Det høgaste punktet er på 2 520 moh. Det har gjeve namn til landsbyen Grámos vest i Kastoriá. Fjellkjeda er om lag 25-30 km lang frå nordvest til søraust og 15-20 km brei.
Grámmos var ein skanse for kommunistane under den greske borgarkrigen og åstad for eit slag i 1949. Det er framleis minefelt etter borgarkrigen på fjellet, som gjer ferdsel her farleg.
Frå toppen kan ein sjå det søraustlege Albania, fjella i periferieininga Kastoriá og dei fleste dalane og innsjøane her, Vóiofjella og det nordaustlege av periferieininga Ioánnina, i tillegg til Smólikas og delar av Týmfi.
Næraste stader
Grámos, nord Kotýli, aust Voúrbiani, sør
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gramos» frå , den 23. august 2007.
Grammos Grammos Grammos Grammos