Vingenfeltet er eitt av dei største helleristingsfelta i Nord-Europa. Det ligg inne mot Vingepollen ved Frøysjøen, sør for Hornelen. Feltet inneheld minst 2000 ulike ristingar, og skriv seg frå ca. 4000-2000 år f.Kr.

Oppdaging

Helleristningane blei oppdaga i 1910 av fjellklatraren Kristian Bing, då han ville kjøpe ein gard for å utnytte vasskrafta i fossane i området.

Mengde

Der er funne om lag 1500 helleristningar i Vingen, medan ca. 500 andre er spreidde utover i Hennøy, Vingelven og Fura.

Stenging for ålmenta

I 2002 vart Vingenfeltet og landskapet kring det freda av Riksantikvaren,Riksantikvaren: "Vingenområdet fredet" og det vart sett forbod mot ferdsle utan særskilt løyve. Bergen Museum er eigar og forvaltar av det store helleristingsfeltet.

I tillegg vart i 2020 eit område på 300.000 kvadratmeter gjeve i gåve til Universitetet i Bergen.Stor eiendomsgave til Universitetet i Bergen

Kjelder

NRK Fylkesleksikonet

Bakgrunnsstoff

Kategori:Helleristingar i Noreg Kategori:Kulturminne i Bremanger