Sunnhordland er ei avis som kjem ut to dagar i veka på Leirvik på Stord. Avisa vert gjeven ut av Bladet Sunnhordland A/S. Sunnhordland tek mål av seg å dekkja kommunane Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Kommunane ligg i regionen Sunnhordland, sør i Vestland fylke.

Avisa hadde i 2009 27 000 lesarar per utgåve, viser tal frå Forbruker & Media.

Jens Hystad d.e. starta avisa i 1902. Fram til 1973 var Sunnhordland nærast einerådande i regionen. Avisa har seinare vorte familieaksjeselskap og vert i dag driven av tredje generasjon med Jens Hystad som dagleg leiar og Håvard Hystad som ansvarleg redaktør. Redaksjonen tel 12 medarbeidarar, som utgjer 10 årsverk. Totalt er det 35 tilsette i verksemda. Avisa har eige lokalkontor på Fitjar.

Avisa lanserte si eiga nettutgåve 29. april 2006, som den nest siste dagsavisa i Noreg. Nettsida hadde i 2009 over 16.000 unike brukarar i veka. Samstundes lanserte dei ei pdf-løysing, der ein kan abonnera på nedlasting av avisa i staden for å få henne på papir.

Opplagstal

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Norske lokalaviser Sunnhordland Bladet Sunnhordland Bladet Sunnhordland Kategori:Skipingar i 1902