Varásova (gresk Βαράσοβα) er eit fjell nord i periferieininga Etoloakarnanía vest i Hellas. Det har ei lengd på 7 km frå nordvest til søraust og er om lag 2 km breitt. Pátrabukta ligg i sør og fjellet ligg aist for elva Évinos og vest for Andírio. Fjellet er eit av dei brattaste i Hellas med fjellsider på rundt 75°. Høgda er på 917 m.

Frå toppen kan ein mellom anna sjå Akhelóosdalen, det nordvestlege Peloponnes, Panakhaikó, Erýmanthos, Móvri og Mávro Óros. På klåre dagar kan ein sjå nokre av Dei joniske øyane, som Zákynthos.

Nærliggande stader

Gavrolímni, nordaust Kryonéri, sørvest Galatás, nordvest

Kjelde

Den greske utgåva av artikkelen.

Varasova Varasova