Vrýkhon (gresk Βρύχων, moderne form Βρύχωνας Vrýkhonas) er eller var namnet på to små elvar i Hellas. Ei av dei renn frå fjellet Pílio i Magnisía i Thessalía og ut i Pagastikósbukta. Ho har hatt dette namnet sidan antikken og ei bru over elva vert rekna som den eldste brua i Hellas av armert betong, konstruert for ei jernbanelinje i 1885.

Den andre elva skal ha vore på Sithoníahalvøya i Khalkidikí, nær Pallene.

Ifølgje antikk mytologi var elveguden med same namn ein alliert av gigantane i krigen deira mot gudane, som i følgje enkelte kjelder fann stad ved Pallene.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brychon» frå , den 30. august 2007. oppgav desse kjeldene: Bygginga av Vrýkhonasbrua Heraklides, Descriptio Graeciae, fragm. 2, sect. 7. Hesykhios av Alexandria, Lexicon. Lykofron, Alexandra, l. 1405-08.

Kategori:Greske gudar Kategori:Stader i gresk mytologi Kategori:Elvar i Hellas