Pleyelkrysset i Saint-Denis i Frankrike, i strøket Saint-Denis-sletta, ligg i nærleiken av Saint-Ouen.
Krysset har fått namn etter pianoprodusenten Pleyel, som tidlegare hadde ein fabrikk på denne staden. I dag er Pleyelkrysset midtpunktet i eit foretningsstrøk.
thumb|250px|left|Saint-Denis-fabrikken til pianoprodusenten Pleyel vart grunnlagt i 1807. thumb|250px|left|Alt i 1922 var Pleyel-fabrikken isolert av vegar ...
Infrastrukturen dominerer Pleyelkrysset har hatt metrosamband til Paris heilt frå 1952; stasjonen heiter sjølvsagt Carrefour Pleyel (Pleyelkrysset).
Fleire store motorvegar, som RN 14 og RN 410, og A86 møtest i Pleyelkrysset og trafikkauken har ført til store problem for området. I 2000 vart krysset ombyggd for å redusera trafikkproblema, men resultatet er omstridt, både hjå innbyggarane i området og mellom trafikantane.
Eit framlegg for å betra miljøet går ut på å bygga ei stor «bru» over den nordgåande jarnbanejinja, med plass til eit bustadområde, for å binda saman eit område som er isolert av jarnbaelinja med resten av Saint-Denis-sletta.
Sjå òg Saint-Denis-sletta
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carrefour Pleyel» frå , den 31. august 2007.
Kategori:Saint-Denis