mini|Kunstnarisk framstilling av Pioneer 10 mini|Jupiter fotografert av Pioneer 10

Pioneer 10 var den første romsonden som er blitt send gjennom asteroidebeltet. Han var og det første romfartøyet til å direkte observere planeten Jupiter. Han vart skoten opp den 2. mars 1972 frå Cape Canaveral Air Force Station Launch Complex 36A

Interstellar ferd Avstand frå jorda Fram til den 17. februar 1998 var Pioneer 10 det fjernaste objektet laga av menneska. Denne datoen tok derimot Voyager 1 over den rolla. Den 1. februar 2003 var Pioneer 10 heile 82,19 astronomiske einingar eller 12,30 milliardar kilometer frå sola.

Sporing Det siste signalet frå Pioneer 10 vart fanga opp av Jet Propulsion Laboratory sitt Deep Space Network 23. januar 2003.CNN - Pioneer 10 falls silent after nearly 31 years 25.02.03 Dei tre siste lytteforsøka - 14. juli 2002, 5. desember 2002 og altså 22.-23. januar 2003 - kunne ein på Jorda berre så vidt registrere eit særs svakt signal i radioantennene. Signala ein mottok var reine berebølgjer, utan noko telemetri. Siste gong NASA nokon gong tok imot telemetri og data frå sonden, var den 27. april 2002. Det er ingen planar om å gjere nye forsøk på å oppnå kontakt med Pioneer 10.

Pioneer 10 er no på veg mot stjerna Aldebaran i konstellasjonen Tyren. Det vil ta 2 millionar år å komme dit.

Referansar

Bakgrunnsstoff NSSDC Master Catalog Display: Spacecraft - Pioneer 10 Spacecraft Escaping the Solar System — current positions and diagrams

Kategori:Pioneer-programmet Kategori:Jupiter Kategori:Romutforsking i 1972