Periferieininga Rodópi (gresk Περιφερειακή ενότητα Ροδόπης, Periferiakí enótita Rodópis) er ei periferieining i Hellas og ligg i periferien Aust-Makedonía og Thráki.

Fjell dekkjer dei nordlege områda. Dei er ein del av Rodopifjella, som periferieininga er kalla opp etter. Periferieininga grensar til Xánthi i vest, til Évros i aust og til Bulgaria i nord. Fjellområde dekkjer nordlege og austlege delar. Resten av området er hovudsakleg jordbruksland, inkludert skogar og grassletter.

Hovudstaden i periferieininga er byen Komotiní. Den nest største byen i periferieininga er Sápes.

Klima

Periferieininga har hovudsaleg middelhavsklima i sørlege og sentrale område. I nord og i høgareliggande strøk har ein derimot hovudsakleg kontinentalklima med kalde vintrar.

Administrativ inndeling

Tidlegare var Rodópi eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Rodópi Íasmos Íasmos 692 00 25340-2 Sóstis 692 00 25310-5 Amaxádes 692 00 25340-3 Komotiní Komotiní 691 00 25310-2 Éjiros 691 00 25310-9 Néo Sidirokhóri 691 00 25310-5 Marónia-Sápes Marónia 694 00 25330-2 Sápes 693 00 23520-2 Arrianá Arrianá 693 00 25320-3 Fillýra 691 00 25320-4 Orgáni 695 00 25310-3 Kékhros 693 00 23510-3

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Komotiní Komotiní 50 990 51 732 Sápes Marónia-Sápes 3 351 2 694 Íasmos Íasmos 2 586 2 319 Ífestos Komotiní 1 910 1 348 Amaxádes Íasmos 1 195 1 220 Arrianá Arrianá 1 147 1 112 Rodítis Komotiní 1 018 1 078 Lykío Arrianá 1 016 998 Xylaganí Marónia-Sápes 1 180 942 Dokós Arrianá 970 918

Referansar

Kjelde

Rodopi

Rodopi Rodopi