Periferieininga Akhaía (gresk Περιφερειακή ενότητα Αχαΐας, Periferiakí enótita Akhaías) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Hellas. Hovudstaden i periferieininga er Pátra. Periferieininga ligg på nordkysten av Peloponnes, og strekkjer seg frå fjellkjedene Erýmanthos og Kyllíni i sør til Korintbukta i nord der fjellet Panakhaikó (1 902 moh) ligg. Akhaía grensar i vest til prefekturet Ilía, i sør til Arkadía og i aust til Korinthía. Korintbukta dekkjer heile nordkysten.
Geografi Av fjell finn ein Omblós i aust, Erýmanthos sentralt, Khelmós eller Aroánia i søraust, Skóllis i sørvest, Móvri og Mávro Óros i vest. Av elvar finn ein Lárissos, Tythévs, Píros og Kháradros i nordvest og Selinoúndas og Vouraikós i aust.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Akhaía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Akhaía Vest-Akhaía Dými Lárissos Móvri Olenía Pátra Pátra Vrakhnéika Messátida Paralía Río Erýmanthos Farrés Kaléndzi Leóndio Tritéa Ejália Ejíra Éjo Akráta Diakoptó Erinéos Symbolitía Kalávryta Kalávryta Aroánia Klitoría Paíon
Historie mini|venstre|Kart over Akhaía i antikken I tida under Romarriket dekte provinsen Akhaia store delar av Hellas, bortsett frå Thessalía, Ípiros og Akarnanía. Keisar Augustus gav Akhaía politiske fordelar og større status enn dei andre greske provinsane, sidan det låg nærare Roma enn dei andre provinsane. Etter regjeringstida til Augustus vart derimot provinsen Akhaía slått saman med provinsen Makedonia. I mellomalderen vart Akhaía ein del av Austromarriket.
På 1200-talet vart fyrstedømet Akhaia grunnlagd i Hellas etter det fjerde krosstoget. Dette vart erobra av Det osmanske riket på midten av 1400-talet. Området vart seinare invadert av Venezia på 1500- og 1600-talet, men kom tilbake til osmanarane. I 1821 vart Akhaía ein del av Hellas under den greske sjølvstendekrigen. Dei første åra som gresk område vart Akhaía slått saman med Ilía i prefekturet Akhaía-Ilía fram til 1899. I 1909 vart dei igjen slått saman og først i 1936 vart dei igjen skild frå kvarandre. Området rundt Mataránga var ein del av Ilía fram til 1990-åra.
Mange flyktningar kom til Akhaía under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Pátra Pátra 168 034 169 886 Éjo Ejália 20 422 19 857 Káto Akhaía Vest-Akhaía 6 618 7 689 Ovryá Pátra 6 308 6 424 Río Pátra 4 664 5 430 Paralía Pátra 6 336 5 378 Ájos Vasílios Pátra 2 662 2 889 Deménika Pátra 2 783 2 845 Rododáfni Ejália 2 564 2 776 Vrakhnéika Pátra 2 571 2 640 Mindilógli Pátra 2 120 2 104 Diakoptó Ejália 2 183 1 912 Kalávryta Kalávryta 1 674 1 600 Aktéo Pátra 1 494 1 451 Akráta Ejália 1 393 1 329 Ejíra Ejália 1 462 1 309 Témeni Ejália 1 214 1 213 Sajéika Vest-Akhaía 1 038 1 210 Kamáres Ejália 1 218 1 194 Rojítika Pátra 1 288 1 194 Néo Soúli Pátra 756 1 048 Syliveniótika Ejália 1 165 958
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Achaea Prefecture» frå , den 7. september 2007.
Akhaia
Akhaia Akhaia