mini|Portrettet og namnetrekket til forfattaren Amalie Skram.

Amalie er eit kvinnenamn av tysk opphav med ei latinsk ending. Det oppstod som ei kortform av gotiske namn med forleddet Amal, som tyder 'verksam'. Namnet har variantane Amálie, Amalia, Amelia, Amelie, Amélie, og Emelie. Amalie har namnedag den 10. september.

Utbreiing Amalie blei mykje brukt i Noreg på 1800-talet, men bruke avtok gradvis fram mot 1915. Frå 1980-talet auka populariteten raskt, og på 1990-talet og 2000-talet blei det gjeve til rundt 1 % av nyfødde jenter. Det var 4 327 kvinner i Noreg som hadde Amalie som første fornamn i 2007, og 7 130 som bar namnet i 2017.SSB

Amalie er også eit vanleg namn i Danmark, der det blei brukt for 1,4 % av jentebarn i 2005.

Bruk av variantane

Amalie i kulturen Namnet er kjend frå den norske julekalenderserien Amalies jul, som blei laga i 1995, og filmen Den fabelaktige Amélie fra Montmartre (ofte kalla berre Amélie) frå 2001.

Kjende namneberarar mini|Amelia Earhart i 1928. Amalie Elisabeth av Hanau-Münzenberg (1602-1651), regent av Hessen-Kassel Dronning Charlotte Amalie av Danmark-Noreg (1650-1714) Sophie Amalie Moth (1654–1719) Amalie von Wallmoden (1704-1765), tysk adelsdame og elskarinne av kong Georg II av Storbritannia Amalie av Zweibrücken-Birkenfeld-Bischweiler (1752-1828), dronning av Sachsen Amalie Münster (1767–1814), dansk hoffdame og diktar Amalie av Baden (1776-1823), tysk fyrstinne Amalie Sieveking (1794-1859), tysk filantrop Amalie Haizinger (1800-1884), tysk skodespelar Amalie Joachim, fødd Schneeweiß (1839-1899), austerriksk songar Amalie Skram (1846–1905) Amelia Earhart (1897–1937), amerikansk flypioner Amelia «Minnie» Driver (f. 1970), britisk skodespelar, songar og låtskrivar

Annan bruk Charlotte Amalie er namnet på hovudstaden på Dei amerikanske Jomfruøyane, oppkalla etter dronning Charlotte Amalie. Amalienborg og Amaliehaven er eit kongeslott og ein park i København.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Amalie» frå , den 8. september 2007.

Fotnotar

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av tysk opphav