Leif Johan Sevland () på Avaldsnes på Karmøy var ordførar i Stavanger frå oktober 1995 til 2011. Han vart attvald ved vala i 1999], 2003 og 2007. Han representerer Høgre. Han har spesielt vore næringspolitisk engasjert og har sagy at kommunen har eit særskilt ansvar for å leggja til rette for næringsaktivitet i området.
Leif Johan Sevland har utdanninga si frå Rogaland distriktshøyskole, samfunnsfagleg studieretning. I åra frå 1988 til 1994 arbeidde han ved Forus Travbane, der han var dagleg leiar frå 1989. Han er gift med Anne Selnes.
Kategori:Ordførarar i Stavanger Kategori:Høgreordførarar i Rogaland Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Karmøy Kategori:Folk frå Stavanger