Ájios Dimítrios (gresk Άγιος Δημήτριος) er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1920- og 1930-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen. Området er åslendt og har eit par åstoppar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Agios Dimitrios» frå , den 11. september 2007.
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside
Kategori:Kommunar i Attikí Kategori:Sør-Aten Kategori:Bydelar i Aten