Tyssestrengene er den 14. høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Fossen er ein del av elva Tysso i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Fossen består av tre fall og det største av desse har eit fall på 312 meter. Elva renn ut i Ringedalsvatnet.
Elva held fram ned mot Sørfjorden i Hardanger og ho har utløp i Tyssedal. Vassdraget er regulert til vasskraft og vatnet vert nytta i vasskraftverket Tysso II. Sjølve fossen er ofte utan vassføring, sidan vatnet vert ført gjennom tunellar i fjellet.
Sjå òg Fossar i Noreg
Bakgrunnsstoff Bilete kraftselskapet A/S Tyssefaldene
Kjelder Tyssestrengene på World Waterfall Database
Kategori:Fossar i Ullensvang Kategori:Tyssovassdraget