Alversund kyrkje er ei langkyrkje frå 1879, som står i Alversund i Alver kommune i Vestland fylke.

mini|venstre|Kyrkjelydshuset ved Alversund kyrkje Kyrkja er bygd i tre og har plass til 200 personar. Orgelet er bygd av J. H. Jørgensen i 1956 og har elleve stemmer, fordelt over to manualar pluss pedal.

Det har vore kyrkje i Alversund sidan mellomalderen. I Flateyarbok er ein prest Righardt ved «Aluiru» nemnd i 1127, men det er usikkert om det med «Aluiru» her er meint Alversund. Alversund-kyrkja er sikkert nemnd i ei kjelde frå 1329, og kring 1360 er ho omtala som «aluiru» i Bergen kalvskinn. Kyrkja som er omtala på 1300-talet og utover var mest truleg ei stavkyrkje. Mellomalderkyrkja vart erstatta med ei lafta kyrkje på 1600-talet, moglegvis i 1629. 1600-talskyrkja stod til ut i 1880-åra, då ho vart riven etter at den noverande kyrkja stod ferdig i 1879.

Kyrkja er soknekyrkje i Alversund sokn i Nordhordland prosti. Alversund sokn høyrde til Hamre prestegjeld til 1885, og deretter til Aldersund prestegjeld til prestegjeldsordninga vart nedlagt i 2004.

Kjelder Alversund kirke frå Norges Kirker/ NIKU og KA

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Alversund sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Lindås kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Alver Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1879 Kategori:Kulturminne i Alver