Jannitsá (gresk Γιαννιτσά, slavisk Енидже Вардар eller Ениџе Вардар, Enidzje Vardar eller Enidze Vardar, tyrkisk Yenice eller Vardar Yenicesi) er ein by i periferieininga Pélla i Sentral-Makedonía i Hellas. Han var tidlegare ein eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Pélla, der han er hovudsete.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Jannitsá 32 410 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 28 759 innbyggjarar.

Jannitsá ligg ikkje langt frå den antikke byen Pella, fødestaden og hovudstaden til Aleksander den store, og er den største byen på Den makedonske sletta.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk)

Jannitsa Jannitsa Jannitsa