Dráma (gresk Δράμα) er ein by i periferieininga med same namn i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas. Han er hovudsete i kommunen med same namn og er hovudstad i periferieininga.

Historie Under romartida vart Dráma kalla Dravescus (Δραβήσκος) og var eit handelssentrum og ein militærleir langs den romerske vegen Via Egnatia. Dráma har gode vasskjelder og det er mogeleg at namnet kjem av «Hydrama» (hydro, gresk for 'vatn)'. Ein meiner at byen har stått på same stad sidan antikken.

Administrativ inndeling thumb|180px|left|Kart over kommunaleiningane i kommunen Dráma. Frå 2011 omfattar kommunen Dráma òg den tidlegare kommunene Sidirónero. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar. mini|venstre|Den tidlegare kommunen Dráma, no kommunaleininga Dráma Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 55 679 innbyggjarar, medan kommunaleininga Dráma hadde 55 440 og tettstaden med same namn 43 445 innbyggjarar.

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Dráma Dráma 44 923 43 445 Khoristí Dráma 2 725 2 512 Xiropótamos Dráma 2 554 2 409 Kallífytos Dráma 1 282 1 201 Kalós Agrós Dráma 1 178 838 Koudoúnia Dráma 996 814 Monastiráki Dráma 785 691 Mavróvatos Dráma 736 641 Mylopótamos Dráma 711 599 Mikrokhóri Dráma 630 598

Referansar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Drama, Greece» frå , den 18. september 2007.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk)

Drama Drama Drama Drama Drama