Kalamáta (gresk Καλαμάτα), eldre form Kalamai, er ein by på Peloponnes i Hellas. Han er ein kommune i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes og er hovudstad i periferieininga.
Kalamáta ligg om lag 60 km søraust for Kyparissía, 120 km søraust for Pýrgos, om lag 80 km sørvest for Trípoli, om lag 60 km vest for Spárti, nordvest for Areópoli og om lag 8 km aust for Messíni. Byen har i dag oppunder 60 000 innbyggjarar.
Byen har ein internasjonal flyplass og ei viktig hamn. Frå her kan ein nå den greske øya Kýthira.
Messiníabukta, der Kalamáta ligg, har fleire lange strender. Fjella Taýjetos ligg 4 km aust for Kalamáta.
Oliven og olivenolje er viktige eksportvarer for Kalamáta som er kjend for sin eigen oliventype, kalamataoliven.
Administrativ inndeling mini|venstre|Den tidlegare kommunen Kalamáta, no kommunaleininga Kalamáta Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Kalamáta Áris Arfará Thouría Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 72 906 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kalamáta hadde 66 136 og tettstaden med same namn 57 706 innbyggjarar.
Historie I motsetnad til mange andre greske byar har ikkje Kalamáta ei historie tilbake til antikken. Messíni, som òg ligg i Messinía, er ein antikk stad. Frå 1681 styrte venetianarane Kalamáta. 23. mars 1821 vart Kalamáta den første byen som vart frigjort frå den osmanske okkupasjonen som hadde vart i over 300 år. Greske opprørsstyrkar var leia av generalane Theodoros Kolokotronis, Petros Mavromikhalis og Papaflessas. I 1825 øydela Ibrahim Pasha byen under den greske sjølvstendekrigen. Kalamáta vart bygd opp at og vart ei av dei viktigare hamnene i Middelhavet. Det nest eldste handelskammeret i Middelhavet, etter det i Marseille, ligg i Kalamáta.
29. april 1941 vart det utkjempa eit slag nær hamna mellom dei invaderande tyske styrkane og ein newzealandsk divisjon. Etter den andre verdskrigen, av politiske årsaker, vart Kalamáta og Peloponnes ikkje teke med i regjeringa sine utviklingsplanar, som heller fokuserte på Nord-Hellas. Dette gjekk ut over den lokale økonomien og hamna, og dermed byen, vart mindre viktig. Først etter at byen vart hardt råka av eit jordskjelv 13. september 1986 gjekk styresmaktene inn med midlar for å få byen på fote att. Kalamáta er derfor i dag ein moderne hovudstad med alle fasilitetar og gode, og har mellom anna eit av dei mest moderne sjukehusa i Hellas.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kalamáta Kalamáta 54 100 57 706 Paralía Vérgas Kalamáta 1 966 1 949 Arfará Arfará 1 177 974 Thouría Thouría 884 926 Léika Kalamáta 716 909 Áris Áris 966 851 Asprókhoma Kalamáta 617 716 Sperkhója Kalamáta 830 678 Bourniás Kalamáta 127 607 Mikrá Mandínia Kalamáta 670 583
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kalamata» frå , den 19. september 2007.
Referansar
Kalamata Kalamata Kalamata Kalamata Kalamata Kalamata