Szamos (på ungarsk) eller Someș (på rumensk) er ei elv i Romania og Ungarn.
Elva har utspring der elvane Someșul Mare og Someșul Mic møtest. Someșul Mare har utspring i Rodnafjella i Bistrița-Năsăud fylke og Someșul Mic har utspring i Apusenifjella i Cluj fylke. Someșul Mic vert igjen danna der dei to elvane Someșul Cald og Someșul Rece renn saman.
Someșul Mare og Someșul Mic møtest ved Dej, og frå her renn Someș vestover, gjennom Satu Mare, før ho munnar ut i Tisza i Ungarn, nær Vásárosnamény.
Someș vart i antikken kalla Samus.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Someș River» frå , den 25. september 2007.
Kategori:Elvar i Ungarn Kategori:Elvar i Romania Kategori:Tisza Kategori:Cluj fylke Kategori:Sălaj fylke Kategori:Maramureș fylke Kategori:Satu Mare fylke