høgre|mini|500px|Gregoriansk melodi til fyrste strofa av Dies irae «Dies irae» (latin for 'Vreidedagen') er ein latinsk hymne frå 1200-talet, truleg skriven av Thomas av Celano. Teksten er rekna som ein del av sekvens-diktinga i tida., og er difor gjerne kalla Dies irae-sekvensen.

Kvar strofe har tre trokeiske verseliner som rimer. Diktet skildrar dommedag, «då redslerop mot himlen ljomar» og held fram med bøner om frelse frå helvete. Ei omsetjing ved Anders Hovden og Ragnhild Foss står i Norsk salmebok på nr. 252 («Vreidedagen, han skal renna» - 16 vers); ei omsetjing ved Ragnhild Foss står i den katolske salmeboka Lov Herren på nr 653 («Vreidedagen verdi tyner» - 17 vers).

«Dies irae» inngjekk tidlegare i den katolske dødsmessa, men dette vart endra ved liturgien av 1969.

Diktet mini|«Dies irae» som gregoriansk song. Latinsk tekstOmsetjing ved Ragnhild Foss1Vreidedagen verdi tyner og i oskevêret lyner Davids og Sibyllas syner.2Redslerop mot himlen ljomar, der han kjem den høge domar; tungt som klokkemalm det omar.3Doms-basun med tunge tonar stemner heimsens millionar fram for han som høgast tronar.4Daude, liv i redsle grundar: fram or mold og havsens brunnar daudingher til domen skundar.5All den synd på jord eg gjorde skrivi er i boki store, som dei ber til domarbordet.6Røyna fær eg då med tåre: alt lyt fram i dagen klåre, løynast kann kje synden’ våre.7Kva skal eg min domar svara, kvar skal foten av då fara? Skuld hev han som best seg vara.8Drott som kjem i domarvelde, kjøtet mitt til synd eg selde; fria meg, all godleiks kjelde!9Jesus, Frelsar, eg vil gøyma meg hjå deg, du vil kje gløyma du for meg ditt blod lét strøyma!10Trøytt for meg du sat ved brunnen, striden var kje enno vunnen, sigerdagen ikkje runnen.11Rettsferds domar, vil du minnast, når eg må som skyldig finnast, at på krossen eg laut vinnast?12Sjå, eg skjelv for synden’ mine, raudnar framfor augo dine, fri meg, Gud, frå helheims pine!13Miskunn gav du syndekvinna, røvar lét du sæla vinna. Er der von for meg å finna?14Ring er bøni eg kann beda: Du er god, leid meg til gleda; lat kje meg i glohaug treda!15Lat meg millom lammi skrida til eit rom ved høgre sida, ikkje millom bukkan’ lida.16Lat kje meg i synd og fæle skjelva for ditt domarmæle! Kalla meg med dine sæle!17Hjarta brenn i såre kvida; med min Frelsar lyt eg lida som for oss so tungt laut strida.18Å, du dag, då tåror fløymer! fram or eld og oske strøymer dei som er for domen saka.19Vil du syndi frå deim taka! Milde Jesus, Herren min, gjev deim alle freden din!

Musikken Melodien er gregoriansk, nedteikna i Wittenberg i 1529. Temaet har vore bruka i ulike samanhenger, bl.a. i Hector Berlioz' Symphonie fantastique, Franz Liszts Totentanz og fleire stykke av Sergej Rachmaninov, samt i opningsscena i Stanley Kubricks film Ondskapens hotell (The Shining).

Teksten har som ein del av den romerskkatolske rekviemmessa blitt bruka av mange komponistar, mellom anna Mozarts, Berlio' og Verdi, og i Benjamin Brittens War Requiem.

Kategori:Salmar frå mellomalderen Kategori:Kristen liturgi