Leif Arne Hovde () er ein norsk lokalpolitikar i Ålesund, og stilte som ordførarkandidat for KrF ved Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2007. Hovde er utdanna lærar, men er særleg kjend i lokalmiljøet som drivkraft i barne- og ungdomsmiljøet, særleg gjennom speidarorganisasjonen KFUM, der arbeidet hans har vore av stor verdi for generasjonar av ålesundarar. Gjennom dette arbeidet har Hovde dyrka banda mellom Ålesund og venskapsbyen Peterhead i Skottland.
I tillegg til den lokalpolitiske verksemda og arbeidet for barn og ungdom gjennom mange år, har Hovde engasjert seg sterkt både i kyrkje- og misjonssamanheng.
Leif Hovde er bror til Steinar Hovde.
Kongens fortenstmedalje 18. april i 2007 vart Hovde overrekt Kongens fortenestmedalje i gull.
Bakgrunnsstoff Kongens gull til Leif Hovde
Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:KrF-politikarar i Møre og Romsdal Kategori:Lokalpolitikarar i Ålesund Kategori:Folk frå Ålesund