Kiskunfélegyháza er ein by og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Bács-Kiskun i regionen Den sørlege store sletta i Ungarn.
Byen ligg sentralt i Ungarn 130 km søraust for Budapest og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Fleire romerske urner og andre funn er gravne opp i nærleiken. På 1600-talet vart byen totalt øydelagd av osmanarane, og vart først gjenoppbygd i 1743.
Félegyháza tyder 'halv kyrkje' på ungarsk, medan prefikset Kiskun viser til regionen Kiskunság.
Kjende folk frå Kiskunfélegyháza Ferenc Móra (1879-1934), forfattar Béla Magyari (1949-2018), forfattar Sándor Petőfi (1823-1849), ungarsk nasjonaldiktar László Réczi (1947), brytar Csaba Szűcs (1965), idrettsutøvar Gyula Zsivótzky (1937-2007), idrettsutøvar
Folketal Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2022 Kiskunfélegyháza 32 632 30 172 28 872
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kiskunfélegyháza» frå , den 10. mai 2019.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Bács-Kiskun fylke Kategori:Busetnader i Kiskunfélegyháza distrikt