Denne artikkelen er om Vangen kyrkje i Aurland, for Vangskyrkja på Voss sjå Voss kyrkje.
Vangen kyrkje er ei einskipa steinkyrkje midt på Aurlandsvangen i Aurland kommune i Vestland. mini|venstre|Interiør Kyrkja vert òg kalla Sognedomen og har vore omtala som Sogn domkyrkje. Ho er den største mellomalderkyrkja i Sogn. Ein reknar med at kyrkja er bygd tidleg på 1200-talet, men at det då var det som sidan vart kor som var heile kyrkja, og at det store kyrkjeskipet vart bygd til på slutten av 1200-talet. Under restaurering i 1860 vart det funne eit skinnbrev datert 1202 i altaret, det er seinare kome bort. Døypefonten frå 1200-talet er i Bergen Museum. mini|venstre|Klokkestopul i tre
Kyrkja er soknekyrkje i Vangen sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Aurland prestegjeld.
Kjelder Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen,: «Vangen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Red: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7
Bakgrunnsstoff Om Vangen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Om Vangen kyrkje i Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane Eldre fotografi av Vangen kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Aurland Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Kulturminne i Aurland Kategori:Rosemåla kyrkjer