La Guaira (kalla Vargas fram til 2019) er kystregionen nær hovudstaden i Venezuela, Caracas og ein av dei 23 delstatane som, saman med Distrito Capital og dei føderale områda, utgjer Venezuela. Hovudstaden er La Guaira. Delstaten ligg sentralt i den nordlege delen av landet og innanfor hovudstadsregionen. Han grensar i nord til Det karibiske havet, i vest til Distrito Capital, i sør til Miranda, og i sørvest til Aragua. Med eit areal på 1497 km² er han den nest minste delstaten i landet, berre øystaten Nueva Esparta er mindre. I 2023 hadde han 486 824 innbyggjarar, noko som gjer han til den fjerde minst folkerike delstaten, men med om lag 236 innbyggjarar per km² er han samstundes den fjerde mest folketette.

Historie Den 29. mai 1998 vart delstaten oppretta med namnet Vargas. Den 14. juni 2019 vart namnet endra frå Vargas til La Guaira.

Den 15. desember 1999 vart delstaten råka av alvorlege flaumar og jordskred, ei hending som er kjend som Vargas-tragedien. Katastrofen førte til store folkevandringar og avfolking av delar av delstaten. Meir enn tretti land sende nødhjelp og andre ressursar til området.

Den 24. juni 2026 vart La Guaira den hardast råka delstaten under eit kraftig dobbelt jordskjelv som fekk store delar av Venezuela til å riste. Det er grunn til å tru at La Guaira-staten har lidd det verste tapet av menneskeliv og skadar på bygningar og infrastruktur i regionen. I byen La Guaira raste meir enn hundre bygningar saman.

Delstaten omfattar berre Vargas kommune, som er den einaste sjølvstyrte kommunen, med elleve sivile sokn. Dei viktigaste byane er La Guaira, Caraballeda, Catia La Mar, Macuto, Naiguatá og Maiquetía.

Kjelder

Denne artikkelen er byggjer på innleinga av «Estado La Guaira» frå , den 30. juni 2026

Bakgrunnsstoff

Kategori:Delstatar i Venezuela