Sirdølen var ei nettavis med redaksjonslokale på Tonstad i Sirdal kommune i dåverande Vest-Agder fylke. Sirdølen tek mål av seg å vera lokalavis for Sirdal kommune og dalstroka innanfor. Ein sirdøl er ein som anten bur i Sirdal eller som kjem derifrå.

Avisa blei grunnlagd i 1973. Frå 1.1.2012 gjekk avisa over til å vera ei rein nettavis. Fram til då hadde avisa hatt om lag 1 800 abonnentar, og kome ut 15 gonger i året. Redaktør per 2012 var Oddvar Tjomlid.

Nedlegging mini|Avisa Sirdølen melde sjølv om at ho ville leggja ned frå 01.06.2014.

Den 21.05.2014 meldte avisa sjølv at ho frå 01.06.2014 ville vera historie. Mangårig redaktør, og ildsjel, Oddvar Tjomlid skreiv i meldinga at årsaka til avgjerda var økonomisk usikkerheit og alvorlege helseproblem.

Bakgrunnsstoff Sirdølen avis på nettet

Kjelder

Sirdølen vert nettavis Sirdølen legg ned

Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Aviser i Agder Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Sirdal kommune Kategori:Skipingar i 1973 Kategori:Nedleggingar i 2014