mini|Oskesky frå Grimsvötn i november 2004. Grímsvötn er ei samling innsjøar på Island. Dei ligg på Det islandske høglandet på nordvestsida av isbreen Vatnajökull og er dekte av iskalotten til breen. Under dei ligg eit stort magmakammer og ein kraftig vulkan. Sjøane ligg i ei høgd på 1 725 moh.

Grímsvötn har eit sprekksystem som går frå sørvest til nordaust og det massive utbrotet frå Laki i 1783–1784 var ein del av det same sprekksystemet. Grímsvötn hadde faktisk utbrot samstundes med Laki i 1783, men utbrotet her heldt fram til 1785. Fordi det meste av vulkanen ligg under Vatnajökull har dei fleste utbrota vore subglasiale.

Jökulhlaup mini|Jökulhlaup: Skeiðarársandur 1996. Utbrotet under breisen fører jamleg til flaumutbrot kjend som jökulhlaup i fagterminologien. Utbrota kan smelte så mykje is at Grímsvötnkalderaen vert fylt med vatn slik at trykket vert stort nok til å løfte isdekket og mykje vatn strøymer ut i løpet av kort tid. På grunn av dette vert Grímsvötnkalderaen nøye overvaka av forskarar. Då det oppstod eit stort utbrot i 1996 visste geologane på førehand at ein stod overfor ein jökulhlaup i nær framtid. Flaumutbrotet oppstod først fleire veker etter utbrotet, men overvakinga gjorde at Hringvegur, den islandske ringvegen, vart stengd i tide. Ein del av vegen over Skeiðarásandur vart skylt bort av flaumen, men ingen vart skadd.

Siste utbrot 28. desember 1998 og ei veke framover oppstod det eit utbrot ved Grímsvötn. I november 2004 oppstod eit anna utbrot som varte ei veke. Vulkansk oske frå utbrotet vart ført med vinden til det europeiske fastlandet og førte til kortvarige problem for flytrafikken til og frå Island. Ein fekk derimot ikkje flaumutbrot i nokre av desse tilfella.

På kvelden 21. mai 2011 starta det eit utbrot i Grímsvötn. Det var ikkje uventa, geologane hadde rekna med eit i 2011.

Bakteriar i innsjøen Sommaren 2004 fann forskarar bakteriar i Grímsvötn under isbreen. Dette var første gong ein har funne bakteriar i innsjøar under ein isbre. Innsjøane frys ikkje heilt til på grunn av varmen frå vulkanen. Bakteriane klarar òg å overleve på særs små mengder oksygen.

Forskarar ser likskap mellom planeten Mars og Grimsvötn fordi det òg på Mars er spor etter vulkanisme og isbrear. Dette kan hjelpe forskarane i leitinga etter liv på Mars.

Sjå òg Innsjøar på Island Vulkanar på Island

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grímsvötn» frå , den 2. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff

Globalt vulkanisme program Vulkanisme ved Grímsvötn Danning og tømming av innsjøane Bilete frå utbrotet i november 2004

Kategori:Innsjøar på Island Kategori:Det islandske høglandet Kategori:Vulkanar på Island Kategori:Subglasiale vulkanar Kategori:Aktive vulkanar