Hans Fredrik Gude () var ein norsk kunstmålar under romantikken. Han var ein av våre fremste nasjonalromantiske målarane i Noreg.
Hans Gude var noko av eit vedunderbarn og fekk undervisning av Johannes Flintoe allereie som tolvåring, deretter gjekk han på Tegneskulen. 16 år gammal kom han til Düsseldorf i 1841. Her fekk han privatundervisning i eitt år før han fekk plass ved kunstakademiet i byen.
Gude arbeidde det meste av si yrkestid i Tyskland, der han som lærar først var knytt til Düsseldorf, deretter Karlsruhe og i dei siste tjue åra Berlin.
Gude mottok ei rekkje norske og utanlandske ordenar og æresutnemningar. I 1893 vart han tildelt Storkorset av St. Olavs Orden. Hans Gude var den første som vart gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers gravlund i Kristiania, da denne vart innvigd i 1903.
Verk mini|venstre|Brudeferd i Hardanger, 1848
Landskapsmåleria formidlar det storfelte i det norske landskapet, i mange tilfelle knytt til høgfjellet. Seinare vart motivkrinsen meir knytt til kysten. Bruken av lys og skugge, skyer og solgjennombrot er typisk i mange av Gudes måleri. Gude hadde stor innverknad som lærar og inspirator for ein generasjon norske kunstmålarar. Hans økonomiske støtte til mange yngre kunstnarar var med å legge grunnen for ein gullalder i norsk målarkunst.
mini|venstre|Høifjæld, 1857 Hans mest kjende måleri er Brudeferd i Hardanger, som han måla saman med Adolph Tidemand. Gude måla landskapet og Tidemand personane. Måleriet vart til på bestilling til det store tablået i 1849 på Christiania Theater, der eit stort mannskor urframførte ein song av Halfdan Kjerulf (melodi) og Andreas Munch (tekst) over same tema. Både Tidemand og Gude var heime i Noreg dette året grunna dei revolusjonære hendingane i Sentral-Europa.
1848 - Brudeferd i Hardanger (saman med Adolph Tidemand) 1857 - Høifjæld 1862 - Brenninger 1872 - Innseilingen til Christianiafjorden
Bakgrunnsstoff
Nettstader Kunstnere i Akershus. Biografi og om tilknytinga hans til fylket. Slektstreet til Hans Gude på Geni.com
Litteratur Frode Haverkamp. Hans Gude. Aschehoug, 1992 Hans Gude. Af Hans Gudes liv og værker : kunstnerens livserindringer. Utgitt og med en biografisk indledning af Lorentz Dietrichson. 1899
Kategori:Norske målarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Kunstnarar frå Oslo Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Nordmenn frå 1800-talet Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Medlemmar av det kongelege svenske kunstakademiet