Island har særs mange aktive vulkanar på grunn av unike geologiske forhold. Øya har om lag 130 vulkanske fjell, der 18 har hatt utbrot sidan busetjinga av Island. Sjølv om Lakiutbrotet i 1783 var det største utbrotet dei siste 500 åra var utbrotet til Eldgjá i 934 og tidlegare i holoceneperioden enno større.
Geologar forklarar den høge vulkanske aktiviteten som ein kombinasjon av at Island ligg over Den midtatlantiske ryggen og at det ligg eit særs aktivt vulkansk område under øya. Øya ligg over grensa mellom den eurasiatiske og den nordamerikanske plata, og det meste av vulkanaktiviteten pågår langs grensene mellom jordskorpeplatene, som går frå sørvest til nordaust på øya. Noko vulkansk aktivitet finn ein òg i havet utanfor Island, særleg på sørkysten. Dette inkluderer både undersjøiske vulkanar og vulkanar som den heilt nye vulkanøya Jólnir.
mini|Grábrókkratera
Kjende vulkanar
Dei viktigaste vulkanane på Island er: I sørvest: Hekla, Mýrdalsjökull med Katla, Eldgjá og Laki, i tillegg til Öræfajökull, Snæfellsjökull.
I nord og i indre område: : isbreen Vatnajökull med Bárðarbunga, Grímsvötn og Kverkfjöll, Krafla, Askja og Herðubreið.
Utanfor sørkysten i øygruppa Vestmannaeyjar ligg den nyleg aktive Surtsey, og Eldfell på Heimaey. mini|Haukadalur
Ein har òg fleire område med geotermisk aktivitet, slik som vulkanen Hengill med Hveragerði, Haukadalur med den kjende Geysiren, og Hveravellir.
Det er fleire forskjellige typar vulkanar på Island. Den mest kjende type er stratovulkanar som er spreidd over store område og som oftast er ein del av ei fjellkjede.
Liste over vulkanar Namn Høgd Plassering Siste utbrot meterKoordinatar Askja 1516 1961 Bárðarbunga 2005 1903 Brennisteinsfjöll 626 1341 ± 1 år Eldfell 279 1973 Eldgjá ~800 1784 Esjufjöll 1760 1927 Eyjafjöll 1666 1823 Fremrinamur 939 800 f.Kr. ± 300 år Grímsnes 214 3500 f.Kr.? Grímsvötn 1725 2004 Hekla 1491 2000 Hengill 803 90 ± 100 år Herðubreið - - Hofsjökull 1782 ukjend, aktiv under holocene Hveravellir - - Jólnir 70 1966; har sidan erodert bort Katla 1512 1918 Kerlingarfjöll 1488 ukjend, aktiv under holocene Kolbeinsey 5 1755 Kollóttadyngja 1177 - Krafla 650 1984 Krísuvík 379 1340 (?) Krakatindur 300 (?) Kverkfjöll 1764 1968 Laki 1725 1785 Langjökull 1360 925 ± 25 år Loki-Fögrufjöll 1570 1910 Ljósufjöll 988 960 ± 10 år Lýsuhóll 540+ ukjend, aktiv under holocene Öræfajökull 2119 1727 Prestahnúkur 1386 7550 f.Kr ± 500 år Reykjanes 230 1227 (?) Reykjaneshryggur -80 1970(?) Snæfellsjökull 1448 - Strokkur - Surtsey 174 1967 Thorolfsfell - - - Tindfjallajökull 1463 ukjend, aktiv under holocene Tjornes - 1868 Torfajökull 1259 1477 Tungnafellsjökull 1535 ukjend, aktiv under holocene Vatnafjöll 1235 750 ± 1000 år Vestmannaeyjar 279 1973 Viti - geotermisk innsjø i Askjasystemet Viti - ein del av Kraflasystemet Þeistareykjarbunga 564 750 f.Kr. ± 100 år
Bakgrunnsstoff Bilete av Grimsvotn-ubrotet i 2004
Island