Agathon Bartholomæus Hansteen () var ein norsk politikar, ordførar og stortingsmann.
Hansteen vart fødd i Moss, faren arbeidde i tolletaten. Han gjekk ut frå Kristiania skole i 1830 og tok ex. phil. året etter, før han tok teologisk eksamen i 1836.
Den 25. oktober 1837 vart Hansteen adjunkt i Trondheim. Han vart utnemnd til sokneprest i Mo i Rana den 17. august 1843 og ordinert same året. Den 18. september 1852 vart han prost i Nordre Helgeland prosti. Hansteen var kjend som ein mild og lite autoritær prest. Lensmannen i Mo i Rana omtala han som ein «i enhver henseende begavet prest, en rettlinjet karakter og en interessert kommunemann».
Hansteen var ordførar i Rana i fire år og sidan stortingsrepresentant i 1851 og 1854. Han døydde i 1895, 83 år gamal.
Hansteen vart første gong gift den 7. august 1844 med Adolphine Frederikke Dreyer (1820–1845) og deretter med Alette Schjelderup den 25. februar 1852.
Kategori:Ordførarar i Rana Kategori:Fødde i 1812 Kategori:Døde i 1895 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Folk frå Moss